2.06.2011

Sjalet



Det har gått eit år sidan den tragiske ulykka fant stad. Dei skulle bare ein rask tur til butikken, for å handla inn dei siste tinga før sydenturen. Eg var igjen heime for å passa på hunden vår Fido, da det plutseleg ringte på døra. Fido sprang som ein gal og bjeffa ivring. Eg kjefta på han, og opna forsiktig døra. Utanfor sto det to politimenn. Den eine av dei opna sakte munnen, men det kom ikkje ut eit einaste ord. ”Hei”, sa omsider den eine av dei.” Er det du som er Pia?”, ja svara eg. ”Me har ein forferdelege nyheit å fortelja deg. Er det geit me kjem inn ein tur?” . Hjarta mitt hoppa over eit par slag i det den andre politimannen såg meg i auga med eit tårevått blikk. ”Kva har hendt? Har det hendt noko med foreldra mine? Er dei skada? Kvar er dei?” Politimannen reinsa stemmen før han fortalde meg kva som hadde hendt. Etter det minnast eg nesten ingenting.

Det eg minnast er at eg vakna opp på sjukehuset dagen etterpå. Rundt meg sto det ein haug med blomar, kort og bamsar. Fylle av kondolansar og helsingar. Noko eg ikkje brydde meg om der eg låg, tom og einsam. Fem bilar hadde kollidert, to frontkollisjonar og ein påkjøring bakfrå. Tri personar omkomne, deriblant begge foreldra mine. Skadane dei pådrog seg vår så fatale at dei døde momentant på ulykkesstade. Gud-foreldrene mine kom og henta meg nokon dagar seinare på sjukehuset. Eg verken snakka, eta eller var med vennar på fleire månadar. Orka ikkje, orka ikkje ver glad. All den livsgleda eg ein gong hadde var sug utav meg.


Alle de vonde minna får tankane i hovudet mitt til å svirrar. Som stjerne på ein urolege nattehimmel. Dei kjempar om det sterkaste lyset, den flottaste glansen. Alle vil fram og visa seg. Det endar med at dei krasjar og alt blir til kaos. Kaoset blir til ein uendeleg krig som voksar seg større og større. Kvifor dei? kvifor akkurat mine foreldre? Tankane utset meg for smerte vondare enn nokon gong før. Smerta brer seg gjennom heile kroppen. Ei smerte som etterlat seg djupe sår fulle av angst og sakn. Saknet til det som ein gong gjorde meg lykkeleg og som fekk meg til å blomstra. Den blomen som ein gong var vakker og nydeleg, har no visna og ligg fortatt i eit mørkt univers.

Tårene rennar i ukontrollerte straumar nedover skinnet mitt. Det virke som om den aldri skal ta slutt. Ein konstant straum som lagar flekkar på golvet. Flekkane blir sakte men sikkert omdanna til små dammar. Det er lenge sidan eg har grini så mykje som nå. Fleire veke sidan. Det er nett som at tårekanalen har trengt litt tid for å bli fylt opp igjen. Eg saknar dei så mykje! Hjarta mitt er delt opp i små bitar som sakte men sikkert prøve å pusla seg på plass igjen. Brikkene faller ikkje på rett plass, men presser seg inn i spor dei ikkje passar i.

Eg har grua meg til denne dagen i fleire veke. Sidan det er eit år sidan dei gjekk bort skal me ha ei minnestonn der ulykka skjedde. Eg følar meg for svak. For svak til å sjå ulykkestaden. For svak til å møta alle dei bekymra og omtenksame triste folka som strekk sine armer mot meg. Alle dei trøstande orda eg har høyrt utallige gonger før. Ord som ikkje betyr så mykje lenger.

”Pia, kjem du snart? Me må gå no!”, ”Ja, eg kjem no”. Eg reise meg opp frå senga og går bort mot speila. Auga mine er røde og svulne. Sminka har laga små svarte elver nedover skinna mine. Eg fjernar sminka og finn sjalet mitt. Sjalet som ein gong tilhørte mor. Det einaste eg har fått som ho etterlet seg. Lukta av ho har for lengst fordufta, men det gir meg ein følelse av nærheit. Som om ho enda er her og held rundt meg. Det er den einaste følelsen som held liv i meg. Eg hiv på meg sjalet og går ut av rommet med hovudet haldt høgt. Nesten med eit smil om munnen. Dei gode minna begynn å veks frem. Brikkene i hjartet begynn å falla på rett plass. Livet framover ser ikkje så skremmenes og forferdeleg ut lenger. Takket være det hjartevarme sjalet! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar